torsdag 29. mars 2012

To vidt forskjellige gudesyn




Synet på kva ein gud er, er på mange måtar hovudesensen i alle religionar. Dette synet varrierar frå religion til religion. Nokon tilber eit stort mangfald av gudar, medan andre kanskje ikkje har nokon  gud. I dette innlegget skal vi sjå nærare på to religionar som på mange måtar representerar store kontrastar når det gjeld nettopp gudesyn - nemleg hinduismen og buddhismen.


Vishnu og kona Lakshmi. Klassisk hinduistisk kunst.
Hinduismen


Stikkordet for å forstå denne religionar er "MANGFALD". Hinduismen er ein polyteistisk religion (poly=mange, teos=gud). At religionen er polyteistisk tyder at brukarane av religionen tilbed meir enn ein gud. Dei aller fleste hinduar høyrer til ei rørsle, som saman tilbed ein hovudgud. Døme på slike retningar er Vishnuismen, retninga til guden/ane Vishnu, Krishna og Rama, Shivaismen, etter Shiva og Shaktismen, etter Gudinna. Dette er i dag dei tre største retningane innan hinduismen. Sjølv om tilhengjarane av desse retningane har ein hovudgud, aksepterer og tilbed dei også andre gudar innanfor hinduismen.

F.v.: Brahma, Vishnu og Shiva er alle former av Brahman.
Sjølv om hinduismen representerar eit enormt mangfald, har dei ein hovudgud - ein skapar og oppretthaldar - som vert respektert av alle retningane. Brahman heiter denne guden, som vert beteikna som "den absolutte verkelegheita". Hinduane meinar at Brahman kan openberre seg i fleire former, i form av andre gudar. Mange meiner og at alle gudane innan hinduismen representerar ulike former av Brahman. Hinduar meinar at Brahman kan framstillast som ei upersonleg kraft som finnes i alt - overalt. Hinduar lærer og at verda går gjennom ei endelaus rekkje "atterfødingar" - og at Brahman - i ulike former - er drivkrafta til denne evigvarande prosessen. Dei forskjellige retningane har forskjellige tankar kring denne prosessen, som f.eks:  i Shaktismen er det Gudinna som er drivkrafta bak det heile.


Dei allereie nemnde gudane vert rekna for å vere dei viktigaste i hinduismen, men mangfaldet er så mykje, mykje større. Mange ville nok ha hatt ei liste over alle gudane, men då mangfaldet er så ekstremt, er dette ingen enkel jobb å få til. Klikk her for ei lita liste av gudar (med kort forklaring).

Buddhismen


Siddharta Gautama mediterer. Typisk buddhistisk kunst.
For å understreke fakta, fyrst som sist: Buddhismen har inga tru på nokon særskild Gud. Men om nokon skulle finne på å spørje deg om kven som er guden til buddhistane, er svaret meir avansert. Mange reknar den fyrste Buddha, Siddharta Gautama, som deira eigentlege Gud. Siddharta Gautama fekk ærestittelen "Buddha", då han vart den fyrste nokon gong - i følgje buddhistisk tru - til å nå oppvakning (å kome til Nirvana/himmelen). Ved å nå Nirvana, vart den indiske prinsen grunnleggjaren av religionen, men han fekk ikkje gudestatus. Nokre retningar innan buddhismen vel å tilbe han som ein Gud, medan andre retningar meiner han vart utilgjengeleg for menneska då han nådde Nirvana.
Ordet Buddha tyder "den oppvåknede". Ein Buddha kan dermed vere ein buddhist som har nådd full oppvakning, og er dermed ingen særskild Gud. Det virkar ein smule innvikla, men ein buddhist som har nådd oppvakning, blitt ein Buddha og fått gudestatus hos nokre, vil ein gong bruke opp overskotet sitt av gode gjerningar/Karma (som har gjort han/ho til ein Buddha), og verte gjennfødd som menneske - sirkelen er i gong igjen.
Buddhist ber til Buddha ved ei Buddha-statue.



For å nøste opp litt i rotet til slutt:
 - I buddhismen tilber dei ingen særskild Gud.
 - Buddha er ingen Gud, men ein som har nådd oppvakning.
 - Nokre grupper buddhistar tilber Buddhaer, medan andre meiner dei ikkje er tilgjengelege gjennom bøn og andre ritual.
 - Karma er overskotet til buddhistane av gode gjerningar, god Karma -> oppvakning





Om ein skal gjere ei enkel sammanlikning av gudesynet i hinduismen og buddhismen, ser eg ein klar likhet: begge syna er innvikla og kan vere vanskelege å forstå. Hinduismen har eit enormt mangfald, som til tider kan forvirre mange. Buddhismen har eigentleg ingen spesiell Gud, men dei forskjellige retningane har forskjellige tolkningar av kva ein Buddha er, nokon meiner ein Buddha har gudestatus - andre ikkje.






Kjelder: Tekst: Under same himmel 3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar