fredag 30. mars 2012

Påske

Her følgjer ein film om påska, Jesus og hans kjærleik til menneska. No som det nærmar seg påske, tenkte eg dette var ein passande måte å sette påskestemninga på. 






Til slutt vil eg på vegne av oss på bloggen ønske alle ei god påske - fyllt med gode opplevingar! Vi snakkast over ferien! 

P.s.: det er muleg bloggen vil verte oppdatert i løpet av ferien, så følg med!

torsdag 29. mars 2012

To vidt forskjellige gudesyn




Synet på kva ein gud er, er på mange måtar hovudesensen i alle religionar. Dette synet varrierar frå religion til religion. Nokon tilber eit stort mangfald av gudar, medan andre kanskje ikkje har nokon  gud. I dette innlegget skal vi sjå nærare på to religionar som på mange måtar representerar store kontrastar når det gjeld nettopp gudesyn - nemleg hinduismen og buddhismen.


Vishnu og kona Lakshmi. Klassisk hinduistisk kunst.
Hinduismen


Stikkordet for å forstå denne religionar er "MANGFALD". Hinduismen er ein polyteistisk religion (poly=mange, teos=gud). At religionen er polyteistisk tyder at brukarane av religionen tilbed meir enn ein gud. Dei aller fleste hinduar høyrer til ei rørsle, som saman tilbed ein hovudgud. Døme på slike retningar er Vishnuismen, retninga til guden/ane Vishnu, Krishna og Rama, Shivaismen, etter Shiva og Shaktismen, etter Gudinna. Dette er i dag dei tre største retningane innan hinduismen. Sjølv om tilhengjarane av desse retningane har ein hovudgud, aksepterer og tilbed dei også andre gudar innanfor hinduismen.

F.v.: Brahma, Vishnu og Shiva er alle former av Brahman.
Sjølv om hinduismen representerar eit enormt mangfald, har dei ein hovudgud - ein skapar og oppretthaldar - som vert respektert av alle retningane. Brahman heiter denne guden, som vert beteikna som "den absolutte verkelegheita". Hinduane meinar at Brahman kan openberre seg i fleire former, i form av andre gudar. Mange meiner og at alle gudane innan hinduismen representerar ulike former av Brahman. Hinduar meinar at Brahman kan framstillast som ei upersonleg kraft som finnes i alt - overalt. Hinduar lærer og at verda går gjennom ei endelaus rekkje "atterfødingar" - og at Brahman - i ulike former - er drivkrafta til denne evigvarande prosessen. Dei forskjellige retningane har forskjellige tankar kring denne prosessen, som f.eks:  i Shaktismen er det Gudinna som er drivkrafta bak det heile.


Dei allereie nemnde gudane vert rekna for å vere dei viktigaste i hinduismen, men mangfaldet er så mykje, mykje større. Mange ville nok ha hatt ei liste over alle gudane, men då mangfaldet er så ekstremt, er dette ingen enkel jobb å få til. Klikk her for ei lita liste av gudar (med kort forklaring).

Buddhismen


Siddharta Gautama mediterer. Typisk buddhistisk kunst.
For å understreke fakta, fyrst som sist: Buddhismen har inga tru på nokon særskild Gud. Men om nokon skulle finne på å spørje deg om kven som er guden til buddhistane, er svaret meir avansert. Mange reknar den fyrste Buddha, Siddharta Gautama, som deira eigentlege Gud. Siddharta Gautama fekk ærestittelen "Buddha", då han vart den fyrste nokon gong - i følgje buddhistisk tru - til å nå oppvakning (å kome til Nirvana/himmelen). Ved å nå Nirvana, vart den indiske prinsen grunnleggjaren av religionen, men han fekk ikkje gudestatus. Nokre retningar innan buddhismen vel å tilbe han som ein Gud, medan andre retningar meiner han vart utilgjengeleg for menneska då han nådde Nirvana.
Ordet Buddha tyder "den oppvåknede". Ein Buddha kan dermed vere ein buddhist som har nådd full oppvakning, og er dermed ingen særskild Gud. Det virkar ein smule innvikla, men ein buddhist som har nådd oppvakning, blitt ein Buddha og fått gudestatus hos nokre, vil ein gong bruke opp overskotet sitt av gode gjerningar/Karma (som har gjort han/ho til ein Buddha), og verte gjennfødd som menneske - sirkelen er i gong igjen.
Buddhist ber til Buddha ved ei Buddha-statue.



For å nøste opp litt i rotet til slutt:
 - I buddhismen tilber dei ingen særskild Gud.
 - Buddha er ingen Gud, men ein som har nådd oppvakning.
 - Nokre grupper buddhistar tilber Buddhaer, medan andre meiner dei ikkje er tilgjengelege gjennom bøn og andre ritual.
 - Karma er overskotet til buddhistane av gode gjerningar, god Karma -> oppvakning





Om ein skal gjere ei enkel sammanlikning av gudesynet i hinduismen og buddhismen, ser eg ein klar likhet: begge syna er innvikla og kan vere vanskelege å forstå. Hinduismen har eit enormt mangfald, som til tider kan forvirre mange. Buddhismen har eigentleg ingen spesiell Gud, men dei forskjellige retningane har forskjellige tolkningar av kva ein Buddha er, nokon meiner ein Buddha har gudestatus - andre ikkje.






Kjelder: Tekst: Under same himmel 3

Gud i Jødedommen og Islam.

Jødedommen.

"Høyr Israel, Herren er vår Gud, Herren er ein", dette er det som undrestrekar den jødiske truvedkjenninga. I Jødedommen lærer ein at det berre finst ein Gud. I jødedommen er Gud omtalt som mann. Gud er skaparen av himmelen og jorda, han er evig allmektig, miskunnsam og rettferdig. I jødedommen er Gud ein personleg Gud, menneska kan vende seg direkte til han, med til dømes personlege bønner. Alle mennesker er like mykje verde.


Dette er det heilage symbolet davidstjerna.


Islam.

Islam står likt med Jødedommen når det kjem til berre å ha ein Gud. Det kallar vi eit monoteistisk gudssyn, mono er latinsk og tyder ein. Gud er den som har skapt verda, og det er han som held ho oppe. Muslimane meiner at det er same Gud i jødedommen, kristendommen og islam.
Gud sin eigenskap i Islam :
"Han er Gud, ein.
 Gud, den eine Omsorgskjelda.
 Ikkje har han avla nokon,
 og heller ikkje har han sjølv blitt avla.
 Ingen er hans like."
I koranen er Gud skildra med det som blir kalla dei 99 vakre namna.



















Dette står på arabisk og tyder Allah.

KJELDE :
- Under same himmel 3.





torsdag 15. mars 2012

Heilage tekstar

Kristendommen

I kristendommen er bibelen den heilage boka. Den består av 66 bøker som er delt inn i to delar. Det nye testamentet og Det gamle testamentet.

Det gamle testamentet er den eldste delen av bibelen og er delt inn i 39 bøker. Dei handlar om forteljingar om skapelsen, dei første menneska og det jødiske folket.

Det nye testamentet er den nyaste delen av bibelen og er delt inn i 27 bøker. I det nye testamentet blir det fortalt om Jesus liv, død, oppstandelse og mirakla han gjennomførte i dei fire evangelia Markus, Matteus, Lukas og Johannes.
(Det er det nye testamentet som skil dei kristne frå jødane. For jødane har også det gamle testamentet, men dei trur ikkje Jesus har levd endå så dei har ikkje det nye testamentet.)


Jødedommen

Tanach er den heilage boka i Jødedommen. Den tilsvara Det gamle testamentet i bibelen og handlar om det same. (Skapelsen, dei første menneska og det jødiske folket). Tanach er delt inn i tre delar. Toraen, Nebiim og Ketubim. Toraen blir rekna som den viktigaste av dei tre. Og består av dei 5 mosebøkene som handlar om jødane si historie heilt tilbake til Abraham slekta ca 1800 år før kristus.
 

Buddhismen

Dei heilage tekstane i buddhismen blir kalla Dei tre kurvane/Tripitaka
Den første kurven inneheld Vinaya som er reglar som munkar og nonner skal følgje. Den andre kurven inneheld Sutta som er Buddhas lære og den tredje kurven inneheld Abhidharma som er skrifter som forklarer Buddhas lære.

 
Hinduismen

Hinduimen delar dei heilage tekstane sine inn i to delar. Shruti som betyr det som er høyrt og Smriti som betyr det som er huska.

Shruti er tekstar som er åpenbart frå gudane til hellige menn som braminer (prestar og lærarar) som hadde ansvaret for å vidareføre bodskapen frå generasjon til generasjon og til slutt få den skriven ned. Vedaen er ein Shruti og er skreven på sanskrit som er gudanes heilage språk. Den er delt inn i fire tekstar. Ringveda, Yajurveda, Samaveda og Atharvaveda.

Smriti er tekstar som ikkje har kome gjennom åpenbaring. Det er tekstar som er skrivne av menneske og dermed rekna som mindre viktig enn tekstane i Shruti. To viktige forteljingar i Smriti er Mahabharata og Ramayana.


Islam




              Bilder Bilde 1

Kort samandrag/samanlikning av religionane




Kristen-dommen
Islam
Jøde-
dommen
Budd-hismen
Hindu-ismen
Gud
Den treenige gud
Én gud - Allah
Én gud
Ingen gud
Flere guder
- trimurti
Hellige
skrifter

Bibelen

Koranen

Toraen m.m.

De tre kurver

Flere
Frelse
Himmelen
Himmelen
Himmelen
Nirvana
Moksha
Hellige steder

Jerusalem

Mekka

Jerusalem

Ingen

Eleven Ganges
Bilder
Lov
Ikke lov
Ikke lov
Lov
Lov
Opp-rettelse
2012 år siden av Jesus
Trolig av profeten Abraham som levde for 4000 år siden
Ca 3000 år siden av Moses
500 f. Kr av Siddharta Gautama (Buddha)
Ca 1500 f. Kr av Aryafolket
Lidelse
Pga. Eva og Adam
Må lide på dommedagen hvis de har gjort noe galt
Pga. Eva og Adam
De fire opphøyde sannheter
Karma (Resultatet av menneskers dårlige handlinger)
Fest-dager
Jul

Påske

Pinse
Ramadan

Mawlid(Muhammeds bursdag)
Pesach (påske)
Jom Hashva
(minnedag over folkemord)
Purim (utryddelse av jøder)
Sabbaten(hviledag)
Sjavout (pinse)
Rosh Hashana(nyttår)
Hanukka
Sukkot
(løvhyttefest)
Jom Kippur(forsonings-dag)
Vesak (Buddahs bursdag)
Holi (vår-festivals)

Ramavami (Ramas bursdag)

 m. m.
- ti til sammen





Kjelder : http://www.daria.no/skole/?tekst=10111

Gud i kristendommen.

Kristendommen ser på Gud som ein personleg Gud, som alltid har vore til og alltid vil vere til. Det var han som skapte ein ny himmel og ei ny jord, han skapte lys og mørkre, han skape verda. Det er ikkje grenser for kva Gud kan gjere, han er allmektig, heilag og annleis. Gud er kjærlig og nær den jorda og dei menneska han har skapt. Gud er treeinig, han er ein samstundes som han er tre, Faderen, Sonen og Den heilage ande. I bibelen er ofte Gud vist frå ei mannleg side, men han er ikkje bunden til noko kjønn.

Dei tre trusartiklane :

Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son,
vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
for ned til dødsriktet,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
for opp til himmelen,
sit vad høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå
og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv.

Amen.






Dette er det kristendommen handlar om. Dette er utgangspungtet i tekstar i Det nye testamentet og vart formulert av dei første kristne. Den første handlar om Gud Skaparen, den andre om Jesus Frelsaren og den tredje om Den heilage ande og det kristne livet.

Kjelder :
Under same himmel 3
http://nn.wikipedia.org/wiki/Den_apostoliske_truvedkjenninga
http://www.google.no/imgres

søndag 11. mars 2012

Fem religionar - to utspring



I dag har i fem store verdreligionar, kristendommen, jødedommen, islam, buddhismen og hinduismen. Desse fem kan vi igjen dele inn i to grupper, etter geografisk utspring (og nokre fellerstrekk). I den fyrste gruppa finn vi buddhismenog hinduismen, som begge har sitt utspring i nordlege delar av India. I gruppe nummer to finn vi dei resterande tre verdsreligionane, som alle vaks fram med utgangspunkt i Midtausten. I denne teksten skal vi sjå nærmare på heilage stadar i desse fem religionane. 


Biletet viser Jerusalem. Mangfaldet i byen er tydeleg (kors i forgrunnen, Al-Sakhraa-moskeen (Klippedomen) bak)


Buddhismen:


Tempelet er det heilage huset til buddhistane. Det finnes mange forskjellige tempel, nokre kan vere små, enkle bygg, medan andre kan vere oppbygde som enorme tempelkompleks. Uansett størrelse, så er Buddhahallen den mest heilage delen av tempelet. Her feirar buddhistane ulike høgtider, gjennomfører bøn og liknande. I denne religionen vert gudshuset rekna for å vere så heilagt at besøkarane må vaske seg på beina før dei går inn.

Enormt buddhistisk tempelkompleks i Kyoto, Japan.


For buddhistar er valfartinga til kjende, historiske stadar viktig. Då Buddha, deira leiar, døydde, uttalte han at alle buddhistar burde besøke desse fire stadane: der han vart fødd, der han nådde oppvåkning, der han fyrst tala og der han døydde. Buddhistar håpar at desse stadane skal gjeve dei religiøs styrke.

Hinduismen:


Og i hinduismen er templet gudshus. Og også her varrierar størrelsen på templa. Ein forskjell frå buddhismen, er at i hinduismen er tempelet bustaden til dei mange gudane. I templa er der store gudestatuar for å hylle gudane. Besøkarane i templa tek ofte med gåver, som dei gjev til prestane, og deretter ofrar prestane gavene for gudane. Alle tempel har ein hovudgud, som høyrer til i det mest heilage rommet i gudshuset. I templa er det forbode å bruke sko.

Hinduistisk tempelkompleks i India.

Mange stadar i India vert rekna som heilage av hinduistane. Eit døme er fjellkjeda Himalaya, som vert rekna som far til gudinna Parvati. For at ein stad skal vere heilag, må den vere knytt til ei legende/forteljing som knytter ein gud til staden. Til desse stadane vert det knytt ei guddomeleg kraft og sjel. For mange hinduar er elva Ganges spesielt heilag. Eit bad i elva skal vere nok til å fjerne "all moralsk reinleik".

Kristendommen:


Gudshuset i kristendommen er kyrkja. Kyrkja kjem i fleire ulike fasongar og størrelsar. Gudstjenestene og messene vert rekna som dei viktigaste hendingane i kyrkja. Det vert og gjennomført dåpar, konfirmasjonar, bryllaup og gravferder i det heilage huset. Kristne verda over føler eit heilt spesielt nærver til Gud under opphald i kyrkja. Dei forskjellige retningane innanfor kristendom har sine eigne tradisjonar i forhold til tradisjonar knytt til kyrkja.


Tradisjonell (norsk) kyrkje med gravplass/kyrkjegard.


I retningar innanfor kristendommen vert stadar der helgenar har vorte gravlagde rekna som heilage. Landet Israel, eller "Det heilage landet", vert og rekna for å vere heilagt, grunna at Jesus levde heile livet sitt her.

Jødedommen (noko forenkla tekst):


- Jødane sitt heilage hus er synagoga.
- Her samlar dei seg for gudstjeneste og bøn.
- Torarullane (heilage tekstar) vert oppbevart i eit eige skap i synagoga.
- Rikt utsmykka med jødiske symbolog kunst.
- I nokre synagoger har kvinnene og menna eigne rom/galleri.

Tysk synagoge i byen Köln.


- Israel er eit heilagt land.
- Abraham og hans etterfølgjarar vart lova landet (Kanaan).
- Jerusalem ein heilag by for jødane.
- Kong David gjorde den til hovudstad.
- Salomo og templet i Jerusalem.
- Vestmuren er det einaste som er igjen, denne er viktig for mange jødar.

Islam (noko forenkla tekst):


- Moskeen er det heilage huset i islam.
- Mange fasongar og størrelsar.
- Kan finne moskear i andre hus (lager, kjellar).
- Samlingstad for dei fem daglege bønene.
- Samlingstad for fredagsbønna.
- Samlingstad for andre høgtider.
- Menn skal helst gå i store, rikt utsmykke moskear til fredagsbøn.
- Fleire kvinner går til moskeen no enn før.
- Moskeen stad for å lære.
- Nokre har koranskular for born.
- Strenge reglar for korleis ein skal "te seg" i moskeen.

"Den blå moske" i Istanbul.



- Mekka er det viktigaste pilegrimsmålet i islam.
- Ein av dei fem søylene.
- Medina, "gravbyen" til Mohammed, heilag.
- Mange oppsøker graver til tidlegare imamar (leiarar).
- Jerusalem rekna som heilag, også i islam.
- Sunni- og sjiaislam ulike byar som er heilage.



fredag 9. mars 2012

På nett!

Då er gruppe to oppe og går på nettet! Her følgjer ein plan over kva som vil verte å finne på bloggen i vekene framover.


RLE – oversikt.

Veke 10.
På same jord :

Maria side -130 – 137

Marius –  heilage stadar

Magne-Johan – heilage tekstar


Veke 11. heile kapittelet.
Himmel og jord :

Maria – synet på Gud

Marius – synet på Gud

Magne-Johan – synet på menneska



Veke : 13.
Raude trådar :

Marius - Bøn

Magne – Johan – Andre ritual

Maria - høgtider



Mangfald :
Veke 15. - 223 – 237.

Marius - jødedommen

Magne – Johan – humanetisk forbund

Maria - islam

Veke 19. - 239 – 261.
Marius -hinduismen

Magne-Johan – buddhismen

Maria – nyreligiøsitet.