torsdag 15. mars 2012

Heilage tekstar

Kristendommen

I kristendommen er bibelen den heilage boka. Den består av 66 bøker som er delt inn i to delar. Det nye testamentet og Det gamle testamentet.

Det gamle testamentet er den eldste delen av bibelen og er delt inn i 39 bøker. Dei handlar om forteljingar om skapelsen, dei første menneska og det jødiske folket.

Det nye testamentet er den nyaste delen av bibelen og er delt inn i 27 bøker. I det nye testamentet blir det fortalt om Jesus liv, død, oppstandelse og mirakla han gjennomførte i dei fire evangelia Markus, Matteus, Lukas og Johannes.
(Det er det nye testamentet som skil dei kristne frå jødane. For jødane har også det gamle testamentet, men dei trur ikkje Jesus har levd endå så dei har ikkje det nye testamentet.)


Jødedommen

Tanach er den heilage boka i Jødedommen. Den tilsvara Det gamle testamentet i bibelen og handlar om det same. (Skapelsen, dei første menneska og det jødiske folket). Tanach er delt inn i tre delar. Toraen, Nebiim og Ketubim. Toraen blir rekna som den viktigaste av dei tre. Og består av dei 5 mosebøkene som handlar om jødane si historie heilt tilbake til Abraham slekta ca 1800 år før kristus.
 

Buddhismen

Dei heilage tekstane i buddhismen blir kalla Dei tre kurvane/Tripitaka
Den første kurven inneheld Vinaya som er reglar som munkar og nonner skal følgje. Den andre kurven inneheld Sutta som er Buddhas lære og den tredje kurven inneheld Abhidharma som er skrifter som forklarer Buddhas lære.

 
Hinduismen

Hinduimen delar dei heilage tekstane sine inn i to delar. Shruti som betyr det som er høyrt og Smriti som betyr det som er huska.

Shruti er tekstar som er åpenbart frå gudane til hellige menn som braminer (prestar og lærarar) som hadde ansvaret for å vidareføre bodskapen frå generasjon til generasjon og til slutt få den skriven ned. Vedaen er ein Shruti og er skreven på sanskrit som er gudanes heilage språk. Den er delt inn i fire tekstar. Ringveda, Yajurveda, Samaveda og Atharvaveda.

Smriti er tekstar som ikkje har kome gjennom åpenbaring. Det er tekstar som er skrivne av menneske og dermed rekna som mindre viktig enn tekstane i Shruti. To viktige forteljingar i Smriti er Mahabharata og Ramayana.


Islam




              Bilder Bilde 1

1 kommentar:

  1. Godt jobba Magge! Vi i gruppa vil halde oss til denne måten å jobbe på, med eit tema for kvart innlegg (feks heilage tekstar i dei store religionane). Veldig bra!

    SvarSlett