tirsdag 29. mai 2012

Menneskesynet i Kristendommen og Jødedommen

Kristendommen : Menneskesynet i kristendommen handlar om at mennesket er skapt av Guds vilje og makt. Gud har skapt mennesket i sitt eige bilde. Gjett menneska fri vilje til å skilje mellom rett og galt. Men menneska har misbrukt denne frie viljen. Ifølge kristendommen har alle synda. Og synda skil Gud frå menneska. Men til det sendte Gud sin eigen son, Jesus, ned på jorda og ¨ofra¨ han for at vegen mellom Gud og menneska skulle åpna igjen.

Jødedommen : Menneskesynet i Jødedommen er at mennesket er skapt i Guds bilde. Og alt som han har skap i sitt bilde er godt. Det tolker dei med at alle mennesker er verdt like mykje, men at jødane er litt forskjellige. Fordi det er dei som fekk pakta og dermed er det dei som er knytta til den. Dei er også knytta til Toraen og er forplikta til å følle alle lovene og reglane som står i den.

Likskap : I begge religionane er menneske eit resultat av Guds vilje. Vi er skapt i hans bilde og alt som er født i hans bilde er godt. Altså er alle mennesker verdt like mykje.

Ulikskap : I kristendommen har alle mennesker synda mot Gud, men Gud sende Jesus ned på jorda for å åpne vegen opp til himmelen  for å forene oss med Gud igjen.
I Jødedommen trur dei ikkje på Jesus (Messias) slik vi gjer. Dei ser ikkje på han som Guds son. Så derfor har dei også eit anna syn på synd og frelse enn det dei kristne har.




Kjelder : http://snl.no/j%C3%B8dedom

Kyrkjesamfunn i Norge



Den katolske kyrkja :

Denne kyrkja er den største kyrkja i verda, med rundt 1 milliard medlemmer. Ordet katolsk står for allmenn eller universell, kyrkja er for alle mennesker. Paven er eit overhovud for denne kyrkja. Kyrkja bygger på Bibelen og tradisjonar. Dei ærar helgenar. Den største helgenen er Maria, Jesu mor.
Dei sju sakramenta :
- Dåp
- Konfirmasjon
- Nattverd
- Skriftemål
- Salving av sjuke
- Presteinnviing
- Ekteskap

Gudstenesta i den katolske kyrkja heiter messe, dette er hovudsmlinga. Det er ofte mange bilder av Jesus og helgenar. Det lyser og alltid ei raud lampe ein plass i kyrkja, som eit symbol på at Gud er til stades i sitt heilage hus. Den katolske kyrkja veks stadig, i 2004 var det 26 000 medlemmer i Noreg.


Ein katolsk dåp.













Maria,
Jesu mor.














Den ortodokse kyrkja :

Det er rundt 250 millionar som høyrer til denne kyrkja. Ordet ortodoks tyder rett tilbeding og rett lovprising. Dei bruker gamle tradisjonar i gudstenestene. Den ortodokse kyrkja består av fleire sjølvstendige ortodokse kyrkjesamfunn. Denne kyrkja er spesielt viktig i Hellas, Russland og i andre auropeiske land. Denne kyrkja står nær den katolske kyrkja på fleire måtar : Ho bygger læra si på Bibelen og tradisjonen, Medlemmane ærar helgnar, Kyrkja har sju sakrament som den katolske. Det vanlegaste motivet på ikon er Jesus Kristus, og Maria, Guds mor.

Den russisk-ortodokse kyrkja




KJELDER :

Under same himmel 3
Bilde 1

fredag 25. mai 2012

Noreg utan statskyrkje

Det har lenge ligge i lufta, men no er det altså eit faktum: Stortinget avvikla denne veka statskyrkja.

Mandag denne veka, medan eldsinte bønde protesterte utanfor Stortinget, gjekk samtlege parti inn for å endre paragraf 2 og 16 i DNG. Med denne endringa "avskaffar" Stortinget den norske statskyrkja, og frå no er stat og kyrkje skilde. 

I praksis har denne skillinga lite å seie for kristne flest. Ein av forskjellane vi kanskje vil merke, er at det no er DNK som eigen organisasjon som vil utnemne biskopar og prostar. Tidlegare har staten hatt siste ord i slike saker. 

Sjølv om DNK ikkje lenger vert knytt til staten, og frå no er likestilt med andre religiøse trusamfunn, vert den norske kongen nødd til å bekjenne seg til den luthersk-evangeliske kyrkja. Det ser derfor ikkje ut som at dette skal vere eit vedtak som dreg vekk religiøse, norske tradisjonar som har hatt feste i landet i mange hundre år. 

DNK reknar vedtaket som ein viktig milepæl i lausrivinga frå staten. Neste steg i saka vert å få presteskapet ut av lønningslista til staten. (Kyrkja ynskjer å bli eit eige rettsubjekt - overta arbeidsgjevaransvaret frå staten)

Det religiøse Noreg

I Noreg i dag nærmar vi oss 5 millionar innbyggjarar. Frå kristendommen kom til Noreg på starten av 1000-talet, har dette vorte rekna som nasjonalreligion/statsreligion. Men det religiøse Noreg har utvikla seg enormt dei siste 1000 åra, frå eit konservativt land, som kun godtok og aksepterte kristendommen, via ein periode der religion rett og slett var ein sosial norm, til eit samfunn "prega" av "multireligiøsitet". I Noreg finn vi alt frå sterke, truande jødar, til mediterande buddhistar, i tillegg til folk med ei heil rekkje andre religiøse festepunkt. Men korleis er eigentleg fordelinga?


Den norske kyrkje (kristendommen) er fortsatt, og vil nok forbli, den mest dominerande religiøse rørsla i landet. Ein reknar med at kring 85,7% av den norske befolkninga ser på seg sjølv som kristne (tilhøyrer DNK). Desse tala frå 2004 er ikkje absolutte, og svært mange av desse er nok ikkje aktive kyrkjegjengarar. Av dei resterande ca. 15%, reknar ein med at 8,7% er medlem av andre trusamfunn (t.d. islam, jødedom...), medan 5,6% er opne om at dei er ikkje-religiøse.

Lat oss gå inn på dei 8,7% som er medlem av andre trusamfunn enn DNK. Her kjem desse samfunna lista opp, i rekkjefølgje etter storleik:

 - Islam: 78.000
 - Humanetisk forbund: 70.000
 - Katolisme (også kristne, men ikkje i DNK): 46.000
 - Buddhismen: 13.000
 - Hinduismen: 3000
 - Jødedommen: 1000


Alle tala er frå 2004! (altså ikkje oppdaterte nyleg) - Gjer og oppmerksom på at det finnast fleire mindre religiøse samfunn.


For meir utfyllande info angåande korleis religionane fungerar i det norske samfunnet, trykk her. Denne sida er å anbefale, då informasjonen er både særs god og enkel å leite fram.


Kjelder:
http://snl.no/Norge/religion

søndag 6. mai 2012

Humanetisk Forbund




Humanetisk forbund er eit livssynssamfunn som vart stifta i 1956 av Kristian Horn.
I Noreg idag er det omlag 78 000 medlemmar.
Humanistar trur ikkje på gud eller andre overnaturlege oppfatningar av verkelegheita. Men har eit etisk livssyn som seier at menneske har rett til og ansvar for å forme og gje meining til sitt eige liv.

Seremoniar :
Humanistisk navnefest,
humanistisk konfirmasjon,
humanetisk vigsel og
humanetisk gravferd.

Dei feira alle desse seremoniane utan noko spor av Gud.

Heilage tekstar og kunst :
Har ikkje heilage tekstar. Men brukar dikt og songar som framhevar menneska ved ulike seremoniar eller andre hendelsar. Det same gjelder kunst. Brukar kunst som framhevar mennesket.

Høgtider :
Variera frå person til person med private tradisjonar som følgjer det landet ein bur i.

Synet på gud :
Humanetikarar trur ikkje på Gud eller er i tvil om han finst.

Elles så er mykje av det som skjer i humanetisk forbund noko med trua på det gode i mennesket. Og det er viktig og ha ettertanke.