søndag 11. mars 2012

Fem religionar - to utspring



I dag har i fem store verdreligionar, kristendommen, jødedommen, islam, buddhismen og hinduismen. Desse fem kan vi igjen dele inn i to grupper, etter geografisk utspring (og nokre fellerstrekk). I den fyrste gruppa finn vi buddhismenog hinduismen, som begge har sitt utspring i nordlege delar av India. I gruppe nummer to finn vi dei resterande tre verdsreligionane, som alle vaks fram med utgangspunkt i Midtausten. I denne teksten skal vi sjå nærmare på heilage stadar i desse fem religionane. 


Biletet viser Jerusalem. Mangfaldet i byen er tydeleg (kors i forgrunnen, Al-Sakhraa-moskeen (Klippedomen) bak)


Buddhismen:


Tempelet er det heilage huset til buddhistane. Det finnes mange forskjellige tempel, nokre kan vere små, enkle bygg, medan andre kan vere oppbygde som enorme tempelkompleks. Uansett størrelse, så er Buddhahallen den mest heilage delen av tempelet. Her feirar buddhistane ulike høgtider, gjennomfører bøn og liknande. I denne religionen vert gudshuset rekna for å vere så heilagt at besøkarane må vaske seg på beina før dei går inn.

Enormt buddhistisk tempelkompleks i Kyoto, Japan.


For buddhistar er valfartinga til kjende, historiske stadar viktig. Då Buddha, deira leiar, døydde, uttalte han at alle buddhistar burde besøke desse fire stadane: der han vart fødd, der han nådde oppvåkning, der han fyrst tala og der han døydde. Buddhistar håpar at desse stadane skal gjeve dei religiøs styrke.

Hinduismen:


Og i hinduismen er templet gudshus. Og også her varrierar størrelsen på templa. Ein forskjell frå buddhismen, er at i hinduismen er tempelet bustaden til dei mange gudane. I templa er der store gudestatuar for å hylle gudane. Besøkarane i templa tek ofte med gåver, som dei gjev til prestane, og deretter ofrar prestane gavene for gudane. Alle tempel har ein hovudgud, som høyrer til i det mest heilage rommet i gudshuset. I templa er det forbode å bruke sko.

Hinduistisk tempelkompleks i India.

Mange stadar i India vert rekna som heilage av hinduistane. Eit døme er fjellkjeda Himalaya, som vert rekna som far til gudinna Parvati. For at ein stad skal vere heilag, må den vere knytt til ei legende/forteljing som knytter ein gud til staden. Til desse stadane vert det knytt ei guddomeleg kraft og sjel. For mange hinduar er elva Ganges spesielt heilag. Eit bad i elva skal vere nok til å fjerne "all moralsk reinleik".

Kristendommen:


Gudshuset i kristendommen er kyrkja. Kyrkja kjem i fleire ulike fasongar og størrelsar. Gudstjenestene og messene vert rekna som dei viktigaste hendingane i kyrkja. Det vert og gjennomført dåpar, konfirmasjonar, bryllaup og gravferder i det heilage huset. Kristne verda over føler eit heilt spesielt nærver til Gud under opphald i kyrkja. Dei forskjellige retningane innanfor kristendom har sine eigne tradisjonar i forhold til tradisjonar knytt til kyrkja.


Tradisjonell (norsk) kyrkje med gravplass/kyrkjegard.


I retningar innanfor kristendommen vert stadar der helgenar har vorte gravlagde rekna som heilage. Landet Israel, eller "Det heilage landet", vert og rekna for å vere heilagt, grunna at Jesus levde heile livet sitt her.

Jødedommen (noko forenkla tekst):


- Jødane sitt heilage hus er synagoga.
- Her samlar dei seg for gudstjeneste og bøn.
- Torarullane (heilage tekstar) vert oppbevart i eit eige skap i synagoga.
- Rikt utsmykka med jødiske symbolog kunst.
- I nokre synagoger har kvinnene og menna eigne rom/galleri.

Tysk synagoge i byen Köln.


- Israel er eit heilagt land.
- Abraham og hans etterfølgjarar vart lova landet (Kanaan).
- Jerusalem ein heilag by for jødane.
- Kong David gjorde den til hovudstad.
- Salomo og templet i Jerusalem.
- Vestmuren er det einaste som er igjen, denne er viktig for mange jødar.

Islam (noko forenkla tekst):


- Moskeen er det heilage huset i islam.
- Mange fasongar og størrelsar.
- Kan finne moskear i andre hus (lager, kjellar).
- Samlingstad for dei fem daglege bønene.
- Samlingstad for fredagsbønna.
- Samlingstad for andre høgtider.
- Menn skal helst gå i store, rikt utsmykke moskear til fredagsbøn.
- Fleire kvinner går til moskeen no enn før.
- Moskeen stad for å lære.
- Nokre har koranskular for born.
- Strenge reglar for korleis ein skal "te seg" i moskeen.

"Den blå moske" i Istanbul.



- Mekka er det viktigaste pilegrimsmålet i islam.
- Ein av dei fem søylene.
- Medina, "gravbyen" til Mohammed, heilag.
- Mange oppsøker graver til tidlegare imamar (leiarar).
- Jerusalem rekna som heilag, også i islam.
- Sunni- og sjiaislam ulike byar som er heilage.



1 kommentar:

  1. Dette var ein gjennomarbeida og godt utført bloggpost! Lett å finne viktig informasjon, flotte bilete og god kjeldebruk. Bra!

    SvarSlett