fredag 25. mai 2012

Noreg utan statskyrkje

Det har lenge ligge i lufta, men no er det altså eit faktum: Stortinget avvikla denne veka statskyrkja.

Mandag denne veka, medan eldsinte bønde protesterte utanfor Stortinget, gjekk samtlege parti inn for å endre paragraf 2 og 16 i DNG. Med denne endringa "avskaffar" Stortinget den norske statskyrkja, og frå no er stat og kyrkje skilde. 

I praksis har denne skillinga lite å seie for kristne flest. Ein av forskjellane vi kanskje vil merke, er at det no er DNK som eigen organisasjon som vil utnemne biskopar og prostar. Tidlegare har staten hatt siste ord i slike saker. 

Sjølv om DNK ikkje lenger vert knytt til staten, og frå no er likestilt med andre religiøse trusamfunn, vert den norske kongen nødd til å bekjenne seg til den luthersk-evangeliske kyrkja. Det ser derfor ikkje ut som at dette skal vere eit vedtak som dreg vekk religiøse, norske tradisjonar som har hatt feste i landet i mange hundre år. 

DNK reknar vedtaket som ein viktig milepæl i lausrivinga frå staten. Neste steg i saka vert å få presteskapet ut av lønningslista til staten. (Kyrkja ynskjer å bli eit eige rettsubjekt - overta arbeidsgjevaransvaret frå staten)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar