fredag 25. mai 2012

Det religiøse Noreg

I Noreg i dag nærmar vi oss 5 millionar innbyggjarar. Frå kristendommen kom til Noreg på starten av 1000-talet, har dette vorte rekna som nasjonalreligion/statsreligion. Men det religiøse Noreg har utvikla seg enormt dei siste 1000 åra, frå eit konservativt land, som kun godtok og aksepterte kristendommen, via ein periode der religion rett og slett var ein sosial norm, til eit samfunn "prega" av "multireligiøsitet". I Noreg finn vi alt frå sterke, truande jødar, til mediterande buddhistar, i tillegg til folk med ei heil rekkje andre religiøse festepunkt. Men korleis er eigentleg fordelinga?


Den norske kyrkje (kristendommen) er fortsatt, og vil nok forbli, den mest dominerande religiøse rørsla i landet. Ein reknar med at kring 85,7% av den norske befolkninga ser på seg sjølv som kristne (tilhøyrer DNK). Desse tala frå 2004 er ikkje absolutte, og svært mange av desse er nok ikkje aktive kyrkjegjengarar. Av dei resterande ca. 15%, reknar ein med at 8,7% er medlem av andre trusamfunn (t.d. islam, jødedom...), medan 5,6% er opne om at dei er ikkje-religiøse.

Lat oss gå inn på dei 8,7% som er medlem av andre trusamfunn enn DNK. Her kjem desse samfunna lista opp, i rekkjefølgje etter storleik:

 - Islam: 78.000
 - Humanetisk forbund: 70.000
 - Katolisme (også kristne, men ikkje i DNK): 46.000
 - Buddhismen: 13.000
 - Hinduismen: 3000
 - Jødedommen: 1000


Alle tala er frå 2004! (altså ikkje oppdaterte nyleg) - Gjer og oppmerksom på at det finnast fleire mindre religiøse samfunn.


For meir utfyllande info angåande korleis religionane fungerar i det norske samfunnet, trykk her. Denne sida er å anbefale, då informasjonen er både særs god og enkel å leite fram.


Kjelder:
http://snl.no/Norge/religion

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar