mandag 16. april 2012

Ritualer i samband med bøn

I denne bloggposten skal vi sjå nærare på noko av det viktigaste i alle dei store verdsreligionane, nemleg bøn. I dei fleste religionar, reknar ein bøn som den einaste måten å kommunisere med Gud, som ein kanal. Bøna vert og utøvd på forskjellige måtar frå religion til religion, og i denne bloggposten vil eg fokusere på særprega ved kvar einskild religion (dei fem store) når det kjem til utøvelse av bøneritualer.


Kristendommen


I kristendommen er bøn ein viktig del av gudstjenestene i kyrkja. Under gudstjenester utøver kristne felles bøner, ofte med presten som leiar for desse. Då kyrkja er Guds hus, opplever mange kyrkja som ein stad der ein får ekstra sterk kontakt med Gud. Bøna "Fader Vår" og Den Apostolske Truvedkjenninga er spesiellt viktige i kristendommen, og derfor ofte nytta i kyrkja som fellesbøn.
Mange kristne vel å falde hendene under bøn.

Eit anna viktig prinsipp i kristendommen er at bøna skal vere personleg, og sådan meir direkte. Derfor finnes det mange forskjellige tradisjonar knytte til bøna. Utøvelsen avhenge ofte av kva kristent samfunn ein tilhøyrer. Nokon kan for eksempel be ei bøn på veg til jobben om morgonen, eller ved senga på kvelden, medan andre føler dei må ha ein meir spesiell "setting", som f.eks. kyrkja. Eit grunnprinsipp i kristendommen er at den treeinige Gud kan høyre oss uansett kvar vi er, berre vi vender oss mot han og trur.

Islam


I islam skiller ein tydleg mellom to former for bøn: den rituelle, "Salah" - og den personlege, "Du'a". På mange måtar liknar dette kristendommen, men innan islam foregår det heile under strengare former. Salah, som er den rituelle bøna, er ein av dei fem søylene, og er dermed ei religiøs plikt. Muslimar skal be fem gongar dagleg (sunni-islam fem gongar, sjia-islam fem bøner på tre "økter"), og undervegs skal ein vere vend mot Mekka. Bønene kan verte bedne kvar som helst, men staden må vere rein, og derfor er bøneteppe vanleg blant muslimar. Det er også fleire andre strenge ritual knytte til den rituelle bøna, som f.eks. faste bønetekstar.
Muslimar i bøn på bøneteppet.

Også til den personlege, frivillige bøna er det knytt ein heil del viktig ritualer, men denne bøna er ingen direkte bodskap til Gud.

Jødedommen


Bøn er ein viktig del av kvardagen til mange jødar. Under bøna vender jødane eg direkte til Gud, og har kun Gud i tankane. Bøna kan utøvast både aleine og i eit fellesskap, f.eks. under gudstjeneste. Under gudstjenesta må det vere minst ti vaksne menn til stades.

Det heiter seg i jødedommen at bønene ikkje skal bli dagleg rutine, men at dei skal vere åpne og ærlege. Dette prinsippet vert tolka forskjellig, alt etter kva religiøs retning ein tilhøyrer. I ortodoks jødedom er ein fastlagde å be tre gongar dagleg, ofte om morgonen, ettermiddagen og kvelden. Desse bønene treng ikkje verte utført i synagoga, men ein må ha andletet vendt mot Jerusalem. Det er også andre viktig ritual knytte til bøna.
Siddur, bønnesjal, menoraen og ein kippa - alle viktige i samband med bøn.

I jødedommen er dei viktigaste bønene samla i ei bønebok, Siddur. Den aller heilagste av bønene i Siddur er "Amida", som inneheld heile 19 velsigningar.

Hinduismen


Også når det kjem til bøn, representerar hinduismen eit stort mangfald. I alt reknar (LÆREBOKA) vi med at hinduane har fire klare former for bøn. Ei form finn vi i samband med ulike hinduistiske ritualer. Ved sånne tilfeller, er det presten som har ansvaret for å sitere bønene, som vert henta frå Veda (dei eldste heilage tekstane). Desse tekstane er på sanskrit.

Djup konsentrasjon under hinduistisk bøn.
Ei anna form for bøn er mantra. Eit mantra er eit ord, uttrykk, eller setning. Mantraet skal framførast med eit klart sinn, og ein skal kun ha guden sin i tankane. Det mest kjende mantraet er "om" (aum). Dette vert rekna som "den opphavlege lyden" som fylte verda under skapinga. Gayatra-mantraet, som er noko meir omfattande, er eit anna kjend mantra. Hinduar kan og ha eigne mantra, overlevert frå guruen dei følgjer.

Songane til diktarhelgenane vert rekna som ei tredje form for bøn. Denne forma vert brukt spesielt mykje under høgtider og ellers i tempelet. Desse songane er retta mot ein spesiell gud, og dei ulike retningane har sine eigne songar til sin hovudgud.

Den siste forma for bøn er dei vanlege, personlege bønene, som dei vi kjenner på vår eigen kultur. Det kan foreksempel vere ei bøn til hovudguden din om at det skal gå deg godt.    - Mange hinduar bed, i tillegg til desse, faste morgon og kveldsbøner. Desse minner mest om personlege bøner.

Buddhismen


Munk i djup konsentrasjon under meditasjon.
I utgangspunktet er ikkje bøn noko tema i buddhismen i det heile, då dei ikkje har noko gud å tilbe. Mange ber likevel til buddhaer og bodhisattvaer (som vi var inne på tidlegare), men det vert meir ei resitering av setningar og viktig ord, enn det vert ei bøn.

I buddhismen er meditasjon eit av dei aller viktigaste rituala i seg sjølv. Meditasjon går enkelt og greit ut på å lære seg sjølv å kjenne, og å føle på sine indre følelsar i sinnet. Får å få dette til, er avslapping, konsentrasjon og erfaring viktig. Ein som mediterar sit ofte med rak rygg og beina i kross, for å slappe av ordentleg. Den mediterande let tankar straume gjennom hovudet, utan å feste dei til minnet. Dette krev erfaring og øving, og mange vel å fokusere på pusten, for ikkje å verte distrahert av omgjevnadane.






Kjelder: 


Tekst: Rle - Under Same Himmel 3
http://snl.no/b%C3%B8nn
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_kristendommen
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_islam
http://home.online.no/~li-ree/islam/fem_ganger_daglig.htm
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_j%C3%B8dedommen
http://no.wikipedia.org/wiki/J%C3%B8dedom
http://www.propaganda.net/skoleside/?stil=10040
http://no.wikipedia.org/wiki/Buddhisme
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_hinduismen


Bilete: http://www.effektweb.com/bonn.php
http://depesjer.no/kategorier/nasjoner/pakistan/selvmordsangrep_er_u_islamsk
http://bjornolav.blogspot.com/2008/01/siddur-den-jdiske-bnneboken.html
http://natgeotv.com/no/photo-of-the-day/2012/januar/22
http://buddhismen.wikispaces.com/Meditasjon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar