tirsdag 24. april 2012

Høgtider

Jødedommen

Høgtidene til jødane kan vi dele inn i to ulike grupper. Den første hovudtypen er høgtider til minne om historiske hendingar, det er når Gud grip inn i historia til jødane og hjelper dei. Jødane feirer dette til minne om kva som hende. Pesack er den jødiske påska, då jødane flykta frå Egypt under leiing av Moses. Shavout, vert også kalla vekefesten, er ei feiring til minne om då israelittane tok imot Toraen på Sinaifjellet. Sukkot feirar jødane til minne om vandringa i ørkenen etter flykta frå Egypt. Hanukka er lysfesten og blir feira til minne om innviinga av det andre tempelet. Purim er det jødiske karnevalet og blir feira til minne om Ester som hjelpete til med å redde jødane i Persia.
I den andre hovudtypen konsentrerer ein seg om å feire Gud som skapar og oppretthaldar av naturen. Sabbaten er den viktigaste heilagdagen til jødane og skal minne om skapinga. Dette er noko som heile familien gjer ilag, dei koser seg med god mat og går i gudstenester som er knytte til dagen.  Rosh hashana er nyttår og blir feira til minne om den gongen Gud skapte det første mennesket.



.
Dette er eit bukkehorn som jødane blåser i under nyttår
og andre høgtider.

Islam

Det er særlig to høgtider som blir feira av muslimar. Det er id al-fitr, festen som bryt fasta og id al-adha, offerfesten. Id al-fitr blir feira når fastemånaden ramadan er over. Ramadan er ein periode der muslimane faster frå soloppgang til soloppgang. Dei feirer det til minne om koranen, då den vart openberra av Muhammed. Dei markerer og at dei har greidd fasta. Rundt denne festen samlar familien seg, dei har mykje god mat og gir kvarandre gåver. Dei gir og spesielle gaver til dei fattige. Det er vanleg at det er mange som ønsker å gå i moskeen denne dagen. Dei slakter og eit dyr, til minne som Abraham som ofra ein bukk i staden for sonen sin.




Dette er eit Id-måltid.


Hinduismen

Denne religionen har mange fester og høgtider. Tradisjonane varierer mykje frå kvar personane bur i landet og kvar dei er frå. I Navarathi er det Gudinna som blir feira. Dei feirar dei guddomelege eigenskapane ho har. Festen varer i ni dagar og ni netter, og er i oktober. I nord feirar ein til dømes ved å oppføre skodespelom korleis Gudinna hjelpte Rama i å vinne over demonkongen Ravana. Og i sør feirar dei Krishnas siger, her har Gudinna Lakshmi ei viktig rolle. Divali blir feira i månadsskiftet oktober/november. Nord og Sør feirar ulikt (ovanfor). Denne festen er ein fest som hinduane ser fram til med stor glede. Holi vert feira i februar/mars ved fullmåne. Fleire stadar feirar ein Krishnas leik med gjetarjentene, dei leikar ved å sprute farga vatn på kvarandre.



Dette er ei menneskepyramide under gåkolastjmi, 
som markerer fødselsdagen til Krisjna.








Dette er holi-feiring.








Buddhismen

Heilagdagane i buddhismen er knytte til månefasane. Den viktigaste dagen er fullmånedagen, men nymånedagen og halvmånedagen er og viktige og heilage dagar. På desse heilage dagane reiser mange buddhistar for å be i tempel. Dei mediterer, lyttar til preiker og opplesing av heilage tekstar. Vesak er på fullmånedagen i mai, og er den viktigaste høtida. Her feirar dei Buddha og hans fødsel. I thervada-buddhismen feirer ein både Buddhas førsel, oppvakninga og død på denne dagen. Tradisjonane for denne feiringa varierer frå land til land. Men det er noko som er felles : Lekfolk reiser rundt å besøker templa og ofrar til statuar, og i andre land trekker dei buddhastatuar rundt på vogner. Ei anna høgtid er i theravada - buddhismen, og den er knytt til avsluttninga på regntida, juni til september.

Ein tekst om thervada.


Smørlampe - klikk for å forstørre bildet


















Ei lampe som høyrer heime på alteret saman med andre
gjenstandar - særlig i forbindelse med høgtider som Vesak.

KJELDER :
Tekst : Under same himmel
Bilde for jødedommen
Bilde for islam
Bilde nr. 1 for hinduismen
Bilde nr. 2 for hinduismen
Bilde for buddhismen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar