Kristendommen : Menneskesynet i kristendommen handlar om at mennesket er skapt av Guds vilje og makt. Gud har skapt mennesket i sitt eige bilde. Gjett menneska fri vilje til å skilje mellom rett og galt. Men menneska har misbrukt denne frie viljen. Ifølge kristendommen har alle synda. Og synda skil Gud frå menneska. Men til det sendte Gud sin eigen son, Jesus, ned på jorda og ¨ofra¨ han for at vegen mellom Gud og menneska skulle åpna igjen.
Jødedommen : Menneskesynet i Jødedommen er at mennesket er skapt i Guds bilde. Og alt som han har skap i sitt bilde er godt. Det tolker dei med at alle mennesker er verdt like mykje, men at jødane er litt forskjellige. Fordi det er dei som fekk pakta og dermed er det dei som er knytta til den. Dei er også knytta til Toraen og er forplikta til å følle alle lovene og reglane som står i den.
Likskap : I begge religionane er menneske eit resultat av Guds vilje. Vi er skapt i hans bilde og alt som er født i hans bilde er godt. Altså er alle mennesker verdt like mykje.
Ulikskap : I kristendommen har alle mennesker synda mot Gud, men Gud sende Jesus ned på jorda for å åpne vegen opp til himmelen for å forene oss med Gud igjen.
I Jødedommen trur dei ikkje på Jesus (Messias) slik vi gjer. Dei ser ikkje på han som Guds son. Så derfor har dei også eit anna syn på synd og frelse enn det dei kristne har.
Kjelder : http://snl.no/j%C3%B8dedom
RLE - religion og samanlikning
- samanlikning til tusen
tirsdag 29. mai 2012
Kyrkjesamfunn i Norge
Den katolske kyrkja :
Denne kyrkja er den største kyrkja i verda, med rundt 1 milliard medlemmer. Ordet katolsk står for allmenn eller universell, kyrkja er for alle mennesker. Paven er eit overhovud for denne kyrkja. Kyrkja bygger på Bibelen og tradisjonar. Dei ærar helgenar. Den største helgenen er Maria, Jesu mor.
Dei sju sakramenta :
- Dåp
- Konfirmasjon
- Nattverd
- Skriftemål
- Salving av sjuke
- Presteinnviing
- EkteskapGudstenesta i den katolske kyrkja heiter messe, dette er hovudsmlinga. Det er ofte mange bilder av Jesus og helgenar. Det lyser og alltid ei raud lampe ein plass i kyrkja, som eit symbol på at Gud er til stades i sitt heilage hus. Den katolske kyrkja veks stadig, i 2004 var det 26 000 medlemmer i Noreg.
Ein katolsk dåp.
Maria,
Jesu mor.
Den ortodokse kyrkja :
Det er rundt 250 millionar som høyrer til denne kyrkja. Ordet ortodoks tyder rett tilbeding og rett lovprising. Dei bruker gamle tradisjonar i gudstenestene. Den ortodokse kyrkja består av fleire sjølvstendige ortodokse kyrkjesamfunn. Denne kyrkja er spesielt viktig i Hellas, Russland og i andre auropeiske land. Denne kyrkja står nær den katolske kyrkja på fleire måtar : Ho bygger læra si på Bibelen og tradisjonen, Medlemmane ærar helgnar, Kyrkja har sju sakrament som den katolske. Det vanlegaste motivet på ikon er Jesus Kristus, og Maria, Guds mor.
Den russisk-ortodokse kyrkja
KJELDER :
KJELDER :
fredag 25. mai 2012
Noreg utan statskyrkje
Det har lenge ligge i lufta, men no er det altså eit faktum: Stortinget avvikla denne veka statskyrkja.
Mandag denne veka, medan eldsinte bønde protesterte utanfor Stortinget, gjekk samtlege parti inn for å endre paragraf 2 og 16 i DNG. Med denne endringa "avskaffar" Stortinget den norske statskyrkja, og frå no er stat og kyrkje skilde.
I praksis har denne skillinga lite å seie for kristne flest. Ein av forskjellane vi kanskje vil merke, er at det no er DNK som eigen organisasjon som vil utnemne biskopar og prostar. Tidlegare har staten hatt siste ord i slike saker.
Sjølv om DNK ikkje lenger vert knytt til staten, og frå no er likestilt med andre religiøse trusamfunn, vert den norske kongen nødd til å bekjenne seg til den luthersk-evangeliske kyrkja. Det ser derfor ikkje ut som at dette skal vere eit vedtak som dreg vekk religiøse, norske tradisjonar som har hatt feste i landet i mange hundre år.
DNK reknar vedtaket som ein viktig milepæl i lausrivinga frå staten. Neste steg i saka vert å få presteskapet ut av lønningslista til staten. (Kyrkja ynskjer å bli eit eige rettsubjekt - overta arbeidsgjevaransvaret frå staten)
Det religiøse Noreg
I Noreg i dag nærmar vi oss 5 millionar innbyggjarar. Frå kristendommen kom til Noreg på starten av 1000-talet, har dette vorte rekna som nasjonalreligion/statsreligion. Men det religiøse Noreg har utvikla seg enormt dei siste 1000 åra, frå eit konservativt land, som kun godtok og aksepterte kristendommen, via ein periode der religion rett og slett var ein sosial norm, til eit samfunn "prega" av "multireligiøsitet". I Noreg finn vi alt frå sterke, truande jødar, til mediterande buddhistar, i tillegg til folk med ei heil rekkje andre religiøse festepunkt. Men korleis er eigentleg fordelinga?
Den norske kyrkje (kristendommen) er fortsatt, og vil nok forbli, den mest dominerande religiøse rørsla i landet. Ein reknar med at kring 85,7% av den norske befolkninga ser på seg sjølv som kristne (tilhøyrer DNK). Desse tala frå 2004 er ikkje absolutte, og svært mange av desse er nok ikkje aktive kyrkjegjengarar. Av dei resterande ca. 15%, reknar ein med at 8,7% er medlem av andre trusamfunn (t.d. islam, jødedom...), medan 5,6% er opne om at dei er ikkje-religiøse.
Lat oss gå inn på dei 8,7% som er medlem av andre trusamfunn enn DNK. Her kjem desse samfunna lista opp, i rekkjefølgje etter storleik:
- Islam: 78.000
- Humanetisk forbund: 70.000
- Katolisme (også kristne, men ikkje i DNK): 46.000
- Buddhismen: 13.000
- Hinduismen: 3000
- Jødedommen: 1000
Alle tala er frå 2004! (altså ikkje oppdaterte nyleg) - Gjer og oppmerksom på at det finnast fleire mindre religiøse samfunn.
For meir utfyllande info angåande korleis religionane fungerar i det norske samfunnet, trykk her. Denne sida er å anbefale, då informasjonen er både særs god og enkel å leite fram.
Kjelder:
http://snl.no/Norge/religion

søndag 6. mai 2012
Humanetisk Forbund
Humanetisk
forbund er eit livssynssamfunn som vart stifta i 1956 av Kristian
Horn.
I Noreg
idag er det omlag 78 000 medlemmar.
Humanistar
trur ikkje på gud eller andre overnaturlege oppfatningar av
verkelegheita. Men har eit etisk livssyn som seier at menneske har
rett til og ansvar for å forme og gje meining til sitt eige liv.
Seremoniar
:
Humanistisk navnefest,
humanistisk
konfirmasjon,
humanetisk
vigsel og
humanetisk
gravferd.
Dei
feira alle desse seremoniane utan noko spor av Gud.
Heilage
tekstar og kunst :
Har
ikkje heilage tekstar. Men brukar dikt og songar som framhevar
menneska ved ulike seremoniar eller andre hendelsar. Det same gjelder
kunst. Brukar kunst som framhevar mennesket.
Høgtider
:
Variera
frå person til person med private tradisjonar som følgjer det
landet ein bur i.
Synet
på gud :
Humanetikarar
trur ikkje på Gud eller er i tvil om han finst.
Elles
så er mykje av det som skjer i humanetisk forbund noko med trua på
det gode i mennesket. Og det er viktig og ha ettertanke.
Kjelder :http://www.human.no/Humanisme/
tirsdag 24. april 2012
Høgtider
Jødedommen
Høgtidene til jødane kan vi dele inn i to ulike grupper. Den første hovudtypen er høgtider til minne om historiske hendingar, det er når Gud grip inn i historia til jødane og hjelper dei. Jødane feirer dette til minne om kva som hende. Pesack er den jødiske påska, då jødane flykta frå Egypt under leiing av Moses. Shavout, vert også kalla vekefesten, er ei feiring til minne om då israelittane tok imot Toraen på Sinaifjellet. Sukkot feirar jødane til minne om vandringa i ørkenen etter flykta frå Egypt. Hanukka er lysfesten og blir feira til minne om innviinga av det andre tempelet. Purim er det jødiske karnevalet og blir feira til minne om Ester som hjelpete til med å redde jødane i Persia.
I den andre hovudtypen konsentrerer ein seg om å feire Gud som skapar og oppretthaldar av naturen. Sabbaten er den viktigaste heilagdagen til jødane og skal minne om skapinga. Dette er noko som heile familien gjer ilag, dei koser seg med god mat og går i gudstenester som er knytte til dagen. Rosh hashana er nyttår og blir feira til minne om den gongen Gud skapte det første mennesket.
.
Dette er eit bukkehorn som jødane blåser i under nyttår
og andre høgtider.
Islam
Det er særlig to høgtider som blir feira av muslimar. Det er id al-fitr, festen som bryt fasta og id al-adha, offerfesten. Id al-fitr blir feira når fastemånaden ramadan er over. Ramadan er ein periode der muslimane faster frå soloppgang til soloppgang. Dei feirer det til minne om koranen, då den vart openberra av Muhammed. Dei markerer og at dei har greidd fasta. Rundt denne festen samlar familien seg, dei har mykje god mat og gir kvarandre gåver. Dei gir og spesielle gaver til dei fattige. Det er vanleg at det er mange som ønsker å gå i moskeen denne dagen. Dei slakter og eit dyr, til minne som Abraham som ofra ein bukk i staden for sonen sin.
Dette er eit Id-måltid.
Hinduismen
Denne religionen har mange fester og høgtider. Tradisjonane varierer mykje frå kvar personane bur i landet og kvar dei er frå. I Navarathi er det Gudinna som blir feira. Dei feirar dei guddomelege eigenskapane ho har. Festen varer i ni dagar og ni netter, og er i oktober. I nord feirar ein til dømes ved å oppføre skodespelom korleis Gudinna hjelpte Rama i å vinne over demonkongen Ravana. Og i sør feirar dei Krishnas siger, her har Gudinna Lakshmi ei viktig rolle. Divali blir feira i månadsskiftet oktober/november. Nord og Sør feirar ulikt (ovanfor). Denne festen er ein fest som hinduane ser fram til med stor glede. Holi vert feira i februar/mars ved fullmåne. Fleire stadar feirar ein Krishnas leik med gjetarjentene, dei leikar ved å sprute farga vatn på kvarandre.
Dette er holi-feiring.
Buddhismen
Heilagdagane i buddhismen er knytte til månefasane. Den viktigaste dagen er fullmånedagen, men nymånedagen og halvmånedagen er og viktige og heilage dagar. På desse heilage dagane reiser mange buddhistar for å be i tempel. Dei mediterer, lyttar til preiker og opplesing av heilage tekstar. Vesak er på fullmånedagen i mai, og er den viktigaste høtida. Her feirar dei Buddha og hans fødsel. I thervada-buddhismen feirer ein både Buddhas førsel, oppvakninga og død på denne dagen. Tradisjonane for denne feiringa varierer frå land til land. Men det er noko som er felles : Lekfolk reiser rundt å besøker templa og ofrar til statuar, og i andre land trekker dei buddhastatuar rundt på vogner. Ei anna høgtid er i theravada - buddhismen, og den er knytt til avsluttninga på regntida, juni til september.
Ein tekst om thervada.
Ei lampe som høyrer heime på alteret saman med andre
gjenstandar - særlig i forbindelse med høgtider som Vesak.
Bilde for jødedommen
Bilde for islam
Bilde nr. 1 for hinduismen
Bilde nr. 2 for hinduismen
Bilde for buddhismen.

Dette er ei menneskepyramide under gåkolastjmi,
som markerer fødselsdagen til Krisjna.
Dette er holi-feiring.
Buddhismen
Heilagdagane i buddhismen er knytte til månefasane. Den viktigaste dagen er fullmånedagen, men nymånedagen og halvmånedagen er og viktige og heilage dagar. På desse heilage dagane reiser mange buddhistar for å be i tempel. Dei mediterer, lyttar til preiker og opplesing av heilage tekstar. Vesak er på fullmånedagen i mai, og er den viktigaste høtida. Her feirar dei Buddha og hans fødsel. I thervada-buddhismen feirer ein både Buddhas førsel, oppvakninga og død på denne dagen. Tradisjonane for denne feiringa varierer frå land til land. Men det er noko som er felles : Lekfolk reiser rundt å besøker templa og ofrar til statuar, og i andre land trekker dei buddhastatuar rundt på vogner. Ei anna høgtid er i theravada - buddhismen, og den er knytt til avsluttninga på regntida, juni til september.
Ein tekst om thervada.
Ei lampe som høyrer heime på alteret saman med andre
gjenstandar - særlig i forbindelse med høgtider som Vesak.
KJELDER :
Tekst : Under same himmelBilde for jødedommen
Bilde for islam
Bilde nr. 1 for hinduismen
Bilde nr. 2 for hinduismen
Bilde for buddhismen.
mandag 16. april 2012
Ritualer i samband med bøn
I denne bloggposten skal vi sjå nærare på noko av det viktigaste i alle dei store verdsreligionane, nemleg bøn. I dei fleste religionar, reknar ein bøn som den einaste måten å kommunisere med Gud, som ein kanal. Bøna vert og utøvd på forskjellige måtar frå religion til religion, og i denne bloggposten vil eg fokusere på særprega ved kvar einskild religion (dei fem store) når det kjem til utøvelse av bøneritualer.
Kristendommen
I kristendommen er bøn ein viktig del av gudstjenestene i kyrkja. Under gudstjenester utøver kristne felles bøner, ofte med presten som leiar for desse. Då kyrkja er Guds hus, opplever mange kyrkja som ein stad der ein får ekstra sterk kontakt med Gud. Bøna "Fader Vår" og Den Apostolske Truvedkjenninga er spesiellt viktige i kristendommen, og derfor ofte nytta i kyrkja som fellesbøn.
Eit anna viktig prinsipp i kristendommen er at bøna skal vere personleg, og sådan meir direkte. Derfor finnes det mange forskjellige tradisjonar knytte til bøna. Utøvelsen avhenge ofte av kva kristent samfunn ein tilhøyrer. Nokon kan for eksempel be ei bøn på veg til jobben om morgonen, eller ved senga på kvelden, medan andre føler dei må ha ein meir spesiell "setting", som f.eks. kyrkja. Eit grunnprinsipp i kristendommen er at den treeinige Gud kan høyre oss uansett kvar vi er, berre vi vender oss mot han og trur.
Islam
I islam skiller ein tydleg mellom to former for bøn: den rituelle, "Salah" - og den personlege, "Du'a". På mange måtar liknar dette kristendommen, men innan islam foregår det heile under strengare former. Salah, som er den rituelle bøna, er ein av dei fem søylene, og er dermed ei religiøs plikt. Muslimar skal be fem gongar dagleg (sunni-islam fem gongar, sjia-islam fem bøner på tre "økter"), og undervegs skal ein vere vend mot Mekka. Bønene kan verte bedne kvar som helst, men staden må vere rein, og derfor er bøneteppe vanleg blant muslimar. Det er også fleire andre strenge ritual knytte til den rituelle bøna, som f.eks. faste bønetekstar.
Også til den personlege, frivillige bøna er det knytt ein heil del viktig ritualer, men denne bøna er ingen direkte bodskap til Gud.
Jødedommen
Bøn er ein viktig del av kvardagen til mange jødar. Under bøna vender jødane eg direkte til Gud, og har kun Gud i tankane. Bøna kan utøvast både aleine og i eit fellesskap, f.eks. under gudstjeneste. Under gudstjenesta må det vere minst ti vaksne menn til stades.
Det heiter seg i jødedommen at bønene ikkje skal bli dagleg rutine, men at dei skal vere åpne og ærlege. Dette prinsippet vert tolka forskjellig, alt etter kva religiøs retning ein tilhøyrer. I ortodoks jødedom er ein fastlagde å be tre gongar dagleg, ofte om morgonen, ettermiddagen og kvelden. Desse bønene treng ikkje verte utført i synagoga, men ein må ha andletet vendt mot Jerusalem. Det er også andre viktig ritual knytte til bøna.
I jødedommen er dei viktigaste bønene samla i ei bønebok, Siddur. Den aller heilagste av bønene i Siddur er "Amida", som inneheld heile 19 velsigningar.
Hinduismen
Også når det kjem til bøn, representerar hinduismen eit stort mangfald. I alt reknar (LÆREBOKA) vi med at hinduane har fire klare former for bøn. Ei form finn vi i samband med ulike hinduistiske ritualer. Ved sånne tilfeller, er det presten som har ansvaret for å sitere bønene, som vert henta frå Veda (dei eldste heilage tekstane). Desse tekstane er på sanskrit.
Ei anna form for bøn er mantra. Eit mantra er eit ord, uttrykk, eller setning. Mantraet skal framførast med eit klart sinn, og ein skal kun ha guden sin i tankane. Det mest kjende mantraet er "om" (aum). Dette vert rekna som "den opphavlege lyden" som fylte verda under skapinga. Gayatra-mantraet, som er noko meir omfattande, er eit anna kjend mantra. Hinduar kan og ha eigne mantra, overlevert frå guruen dei følgjer.
Songane til diktarhelgenane vert rekna som ei tredje form for bøn. Denne forma vert brukt spesielt mykje under høgtider og ellers i tempelet. Desse songane er retta mot ein spesiell gud, og dei ulike retningane har sine eigne songar til sin hovudgud.
Den siste forma for bøn er dei vanlege, personlege bønene, som dei vi kjenner på vår eigen kultur. Det kan foreksempel vere ei bøn til hovudguden din om at det skal gå deg godt. - Mange hinduar bed, i tillegg til desse, faste morgon og kveldsbøner. Desse minner mest om personlege bøner.
Buddhismen
I utgangspunktet er ikkje bøn noko tema i buddhismen i det heile, då dei ikkje har noko gud å tilbe. Mange ber likevel til buddhaer og bodhisattvaer (som vi var inne på tidlegare), men det vert meir ei resitering av setningar og viktig ord, enn det vert ei bøn.
I buddhismen er meditasjon eit av dei aller viktigaste rituala i seg sjølv. Meditasjon går enkelt og greit ut på å lære seg sjølv å kjenne, og å føle på sine indre følelsar i sinnet. Får å få dette til, er avslapping, konsentrasjon og erfaring viktig. Ein som mediterar sit ofte med rak rygg og beina i kross, for å slappe av ordentleg. Den mediterande let tankar straume gjennom hovudet, utan å feste dei til minnet. Dette krev erfaring og øving, og mange vel å fokusere på pusten, for ikkje å verte distrahert av omgjevnadane.
Kjelder:
Tekst: Rle - Under Same Himmel 3
http://snl.no/b%C3%B8nn
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_kristendommen
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_islam
http://home.online.no/~li-ree/islam/fem_ganger_daglig.htm
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_j%C3%B8dedommen
http://no.wikipedia.org/wiki/J%C3%B8dedom
http://www.propaganda.net/skoleside/?stil=10040
http://no.wikipedia.org/wiki/Buddhisme
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_hinduismen
Bilete: http://www.effektweb.com/bonn.php
http://depesjer.no/kategorier/nasjoner/pakistan/selvmordsangrep_er_u_islamsk
http://bjornolav.blogspot.com/2008/01/siddur-den-jdiske-bnneboken.html
http://natgeotv.com/no/photo-of-the-day/2012/januar/22
http://buddhismen.wikispaces.com/Meditasjon
Kristendommen
I kristendommen er bøn ein viktig del av gudstjenestene i kyrkja. Under gudstjenester utøver kristne felles bøner, ofte med presten som leiar for desse. Då kyrkja er Guds hus, opplever mange kyrkja som ein stad der ein får ekstra sterk kontakt med Gud. Bøna "Fader Vår" og Den Apostolske Truvedkjenninga er spesiellt viktige i kristendommen, og derfor ofte nytta i kyrkja som fellesbøn.
Mange kristne vel å falde hendene under bøn. |
Eit anna viktig prinsipp i kristendommen er at bøna skal vere personleg, og sådan meir direkte. Derfor finnes det mange forskjellige tradisjonar knytte til bøna. Utøvelsen avhenge ofte av kva kristent samfunn ein tilhøyrer. Nokon kan for eksempel be ei bøn på veg til jobben om morgonen, eller ved senga på kvelden, medan andre føler dei må ha ein meir spesiell "setting", som f.eks. kyrkja. Eit grunnprinsipp i kristendommen er at den treeinige Gud kan høyre oss uansett kvar vi er, berre vi vender oss mot han og trur.
Islam
I islam skiller ein tydleg mellom to former for bøn: den rituelle, "Salah" - og den personlege, "Du'a". På mange måtar liknar dette kristendommen, men innan islam foregår det heile under strengare former. Salah, som er den rituelle bøna, er ein av dei fem søylene, og er dermed ei religiøs plikt. Muslimar skal be fem gongar dagleg (sunni-islam fem gongar, sjia-islam fem bøner på tre "økter"), og undervegs skal ein vere vend mot Mekka. Bønene kan verte bedne kvar som helst, men staden må vere rein, og derfor er bøneteppe vanleg blant muslimar. Det er også fleire andre strenge ritual knytte til den rituelle bøna, som f.eks. faste bønetekstar.
Muslimar i bøn på bøneteppet. |
Også til den personlege, frivillige bøna er det knytt ein heil del viktig ritualer, men denne bøna er ingen direkte bodskap til Gud.
Jødedommen
Bøn er ein viktig del av kvardagen til mange jødar. Under bøna vender jødane eg direkte til Gud, og har kun Gud i tankane. Bøna kan utøvast både aleine og i eit fellesskap, f.eks. under gudstjeneste. Under gudstjenesta må det vere minst ti vaksne menn til stades.
Det heiter seg i jødedommen at bønene ikkje skal bli dagleg rutine, men at dei skal vere åpne og ærlege. Dette prinsippet vert tolka forskjellig, alt etter kva religiøs retning ein tilhøyrer. I ortodoks jødedom er ein fastlagde å be tre gongar dagleg, ofte om morgonen, ettermiddagen og kvelden. Desse bønene treng ikkje verte utført i synagoga, men ein må ha andletet vendt mot Jerusalem. Det er også andre viktig ritual knytte til bøna.
Siddur, bønnesjal, menoraen og ein kippa - alle viktige i samband med bøn. |
I jødedommen er dei viktigaste bønene samla i ei bønebok, Siddur. Den aller heilagste av bønene i Siddur er "Amida", som inneheld heile 19 velsigningar.
Hinduismen
Også når det kjem til bøn, representerar hinduismen eit stort mangfald. I alt reknar (LÆREBOKA) vi med at hinduane har fire klare former for bøn. Ei form finn vi i samband med ulike hinduistiske ritualer. Ved sånne tilfeller, er det presten som har ansvaret for å sitere bønene, som vert henta frå Veda (dei eldste heilage tekstane). Desse tekstane er på sanskrit.
Djup konsentrasjon under hinduistisk bøn. |
Songane til diktarhelgenane vert rekna som ei tredje form for bøn. Denne forma vert brukt spesielt mykje under høgtider og ellers i tempelet. Desse songane er retta mot ein spesiell gud, og dei ulike retningane har sine eigne songar til sin hovudgud.
Den siste forma for bøn er dei vanlege, personlege bønene, som dei vi kjenner på vår eigen kultur. Det kan foreksempel vere ei bøn til hovudguden din om at det skal gå deg godt. - Mange hinduar bed, i tillegg til desse, faste morgon og kveldsbøner. Desse minner mest om personlege bøner.
Buddhismen
Munk i djup konsentrasjon under meditasjon. |
I buddhismen er meditasjon eit av dei aller viktigaste rituala i seg sjølv. Meditasjon går enkelt og greit ut på å lære seg sjølv å kjenne, og å føle på sine indre følelsar i sinnet. Får å få dette til, er avslapping, konsentrasjon og erfaring viktig. Ein som mediterar sit ofte med rak rygg og beina i kross, for å slappe av ordentleg. Den mediterande let tankar straume gjennom hovudet, utan å feste dei til minnet. Dette krev erfaring og øving, og mange vel å fokusere på pusten, for ikkje å verte distrahert av omgjevnadane.
Kjelder:
Tekst: Rle - Under Same Himmel 3
http://snl.no/b%C3%B8nn
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_kristendommen
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_islam
http://home.online.no/~li-ree/islam/fem_ganger_daglig.htm
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_j%C3%B8dedommen
http://no.wikipedia.org/wiki/J%C3%B8dedom
http://www.propaganda.net/skoleside/?stil=10040
http://no.wikipedia.org/wiki/Buddhisme
http://snl.no/b%C3%B8nn/b%C3%B8nn_i_hinduismen
Bilete: http://www.effektweb.com/bonn.php
http://depesjer.no/kategorier/nasjoner/pakistan/selvmordsangrep_er_u_islamsk
http://bjornolav.blogspot.com/2008/01/siddur-den-jdiske-bnneboken.html
http://natgeotv.com/no/photo-of-the-day/2012/januar/22
http://buddhismen.wikispaces.com/Meditasjon
Abonner på:
Innlegg (Atom)